Ukens arbeidsgiver

Månedens yrke

Sivilingeniør - byggeteknikk.

Les mer »

Ukens spørsmål

Hva er det viktigste hos en søker til din bedrift?

Erfaring
Personlige egenskaper
Utdannelse

Stillingsannonse

Driftsingeniør

Region(er): Sogn og Fjordane
Yrkeskategori(er): Teknikk Ledelse og fellestjenester Kommune/Offentlig Ingeniør Høgskoleingeniøryrker Driftsoperatør Bygg og anlegg




Ledig stilling som driftsingeniør

SAKSNR  12/135

Ved teknisk driftseining er det ledig ei 100 % fast stilling som driftsingeniør ved byggavdelinga.

Driftsingeniør bygg har ansvar for drift og vedlikehald av kommunale bygg og eigedommar, og har økonomi- og personalansvar for dei tilsette innanfor byggavdelinga. Kommunal bygningsmasse er på om lag 40 000 m2, og det er ca 7 årsverk tilknytt bygningsavdelinga, i tillegg til driftsingeniøren. Næraste overordna er teknisk sjef.

Driftsingeniøren er fagleg leiar for kommunale bygg, og har ansvar for oppfølging av drift og vedlikehald ved dei kommunale bygga, innkjøp av varer og tenester og prosjektleiing  knytt til mindre utbygging- og ombyggingsprosjekt.  Andre oppgåver kan bli tillagt stillinga etter kvalifikasjonar.

Vi søkjer ein person som har:
• Ingeniørhøgskule evt. teknisk fagskule, bygningsfagleg retning
• Erfaring frå tilsvarande arbeid
• Førarkort kl B
• God kjennskap til bruk av relevante dataverktøy
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne
• Evne til både sjølvstendig arbeid og samarbeid med andre
• Er strukturert og ryddig, og har evne til å prioritere mellom mange oppgåver
 
Vi kan tilby ein spennande og allsidig jobb med eit variert arbeidsområde, godt arbeidsmiljø og flinke medarbeidarar.
 
Nærare opplysningar om stillinga får du ved å vende deg til driftssjef Magnhild Myklebust, tlf  95 98 30 00.
 
• Vi kan tilby utfordrande arbeid i eit positivt og godt fagmiljø
• God pensjonsordning og heildøgns forsikring
• Tilsetjing etter gjeldande lover, reglar og tariffavtaler
• Hjelp til å skaffe bustad og barnehageplass

Søkjarlista er offentleg, og opplysningar om søkjar kan bli offentleggjort sjølv om søkjar ikkje ønskjer det.

Søknad skal sendast via vårt digitale søknadssenter www.bremanger.kommune.no/sjolvbetening. Henvis till ingeniorstillinger.no.

SØKNADSFRIST: 06.02.12

Bli medlem